We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Helse Vest

Forskning og innovasjon til pasientens beste

På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet lagar dei fire regionale helseføretaka kvart år rapporten «Forskning og innovasjon til pasientens beste – Nasjonal rapport fra spesialisthelsetjenestene».

Rapporten presenterer nøkkeltal for forsking og innovasjon. Den viser mellom anna kor mykje pengar som går til forsking og innovasjon kvart år, og kor mange forskingsprosjekt det er innan ulike forskingsområde.

I tillegg har rapporten oversikt over brukarmedverknad i forskingsprosjekt, tal for vitskaplege publikasjonar og avlagde doktorgrader. Pluss mykje anna.

Rapporten for 2023 blei overlevert til statssekretær Ellen Rønning-Arnesen 30. mai 2024.

 

Les nyheitssaka om overrekking av rapporten for 2023

Heile rapporten for 2023 finn du her (PDF)

 

Nasjonale forskingsartiklar

 

     

     

    Nasjonal rapport frå spesialisthelsetenesta

    Last updated 5/31/2024